

|
Alle valpar frå River Nova blir godt sosialiserte i løpet av tida dei er hos oss, før dei dreg til sine nye heimar. Dei første vekene er dei store delar av tida i valpekassa saman med mor og besøkande tobeinte. Deretter vert dei gradvis tekne med på ulike former for sosialisering. Dersom vêret tillet det, får dei vere mykje ute. Dei får vere med på fleire bilturar, treffe ulike hundar og andre dyr, vere med på tur, daglege gjeremål i huset, dei får møte menneske i ulike aldrar og fasongar, blir introdusert for fugl og mykje meir. Valpane skal også gjennom ein uoffisiell valpetest når dei er omlag 7 veker gamle. Dei vert leverte ved 9-vekers alder. Før valpane kjem til sine nye heimar har dei...- fått den første vaksinen - vorte undersøkte av veterinær og ha godkjent helseattest - fått ormekur - vorte ID-merka - vorte forsikra mot skjulte feil og manglar - vorte registrerte i NKK Med valpen får du...- kjøpekontrakt - vaksinasjonsattest og helseattest - stamtavle - ein liten valpepakke - eit hefte med mellom anna informasjon om foreldra til valpen, litt om det å ha valp, trening, konkurransar og rasen. Av deg som valpekjøpar krev eg at...- du er aktiv og gjev hunden det den treng av mosjon og trening både fysisk og psykisk - du jevnleg kjem med tilbakemeldingar om hunden - hunden vert røntga på hofter og olbogar når den er mellom 1 og 2 år - hunden vert augelyst minst ein gong i løpet av livet - du kontaktar meg først dersom du ser deg tvungen til å skilje deg av med hunden - hunden vert stilt ut minst ein gong etter fylte 2 år |
||