Eg heiter Gudrun Seeberg Boge, er 21 år og entusiastisk tollareigar. Eg er vaksen opp på Valen, ei lita bygd i Kvinnherad Kommune, sør i Hordaland, men har no forete landlege omgjevnader til fordel for kjæraste og studiar i Oslo. Her studerer eg ved Noregs Veterinærhøgskule og eg trivest godt.
Heile livet har eg vore oppteken av dyr. Som liten hadde eg fleirfaldlege hamstrar og kaninar, og som 9-åring stifta eg
for første gong kjennskap med tollaren, då tispa Zita (Red-Tollers Selina) kom i hus. I den tidlege ungdomstida mi
var det nokre år då "hest var best", før hund kom 100 % i fokus og vart mi store interesse, ei interesse eg
ikkje trur vil forsvinna med det første.
Sidan Aira kom i hus for 6 år sidan, har store delar av fritida gått med til ulike hunderelaterte aktivitetar. Det har vorte mykje turgåing og ulike formar for trening. Eg har tidlegare fungert som instruktør/leiar på lydnad- og miljøtreningane heime i den lokale hundeklubben, og i februar 2004 gjennomførte eg NKK si trinn I instruktørutdanning. I mai 2004 hadde Aira sitt første kull med valpar, noko som var ei ny og utfordrande erfaring både for meg som matmor og for Aira sjølv, men som likevel freistar til gjentaking.
Zita er no blitt ei gammal dame på 12 år, og nyt pensjonistlivet heime hos familien min på Valen saman med Aira sitt barnebarn, Birk, frå B-kullet. Eg og Aira set snutane vestover nokre månader kvar sommar og me er då ein lukkeleg familie satt saman av 2 gamle, 2 yngre og 3 hundar.
Som ung og engasjert hundeeigar har eg sett med respekt på korleis erfarne oppdrettarar får fram den eine gode hunden, etter den andre. Eg har undra meg korleis nokre verkar som dei alltid finn kombinasjonar som vert vellukka og gjev friske og flotte valpar, og har eit brennande ønskje om å læra denne "kunsten". For meg var det å ha kull på Aira ei stor utfordring, og eg var veldig spent på korleis det skulle gå. Hadde eg velja rett hannhund, og var Aira eigentleg bra nok? Hadde eg tenkt nøye nok igjennom kor stort ansvar ein har som oppdrettar? No ser det ut til at historia om det første kullet kjem til å ende lukkeleg. Det ser ut til å gå bra med alle dei 8 (ein gong så) små valpane, og Aira byksar framleis rundt i beste velgåande. 21. desember 2006 vart ho bestemor for første gong då dottera Marit som bur i Nederland fekk 7 velskape valpar. I april 2007 kom det fleire barnebarn, samstundes som eg fekk æra av å bli oppdrettar til River Novas andre kull, då Aira-dottera Itana ploppa ut med 5 søte små. Itana er eigd av meg, men bur hos fôrvert Lillian i Råde kor også valpane vaks opp.
Sjølv om oppdrett er ein fantastisk hobby, vil eg nok alltid komme til å definere meg sjølv som hundeeigar framfor oppdrettar. Det overordna målet for meg med mitt personlege hundehald er å ha hundar primært for å bruke dei aktivt. Rolla som avlshundar kjem i andre rekke. Nå gjekk det 3 år mellom det første og det andre kullet mitt. Korleis det blir med vidare kull er vanskeleg å spå. Som student buande i byleilegheit, er forholda langt frå ideelle for oppdrett. Eg ønskjer å ha eit kull til på Aira, men er då avhengig av at det let seg passe med sommarferie og vestlandsopphald.
Eg har tenkt mykje igjennom ulike problemstillingar kring det å velje å ha valpar og drive oppdrett (om enn berre i liten skala). Kvifor vil eg eigentleg halde på med dette? Kva er det eg ser etter, og kva ønskjer eg å oppnå? Målet er å avle fram friske tollere med godt gemytt, gode brukseigenskapar og bra eksteriør (i prioritert rekkefølgje). For meg er helsa det aller viktigaste. Kva hjelp det om hunden er snill og vakker dersom han må avlivast i ung alder på grunn av sjukdom? Alle avlsdyr eg brukar i avl skal difor vera røntga og funne frie for HD og helst AD, og det same gjeld foreldre, tidligare avkom og søsken av dei dyra eg brukar. Dei skal vera augelysne utan merknad, og minst ein av foreldra må vera DNA-genotype A. Eg vil også styre unna å bruka hundar frå linjer kor det har vore hyppige utbrot av autoimmune sjukdomar. Ein toller frå River Nova skal ein kunne ha glede av i mange år. Gemyttet er nesten like viktig som helsa. Eg ønskjer at tollerane mine skal ha eit triveleg gemytt, samstundes som dei skal prestera maksimalt under arbeid. Ein toller skal vere kjapp, sterk, arbeidsvillig, ha stor vannpasjon og sterk apporteringslyst. For å bevara rasen best mogeleg, meiner eg også at det er viktig at ein toller ser ut som ein toller. Difor skal alle avlsdyr eg brukar også vere premiert på utstilling. Eg vil prøva å ikkje dobla eksteriøre feil hjå foreldredyra, men finna individ som utfyller kvarandre. Mentale eigenskapar og helse vil likevel alltid vere det aller viktigaste for meg i mitt oppdrett. Trass alt så er det gemyttet til hunden ein skal leva saman med i mange år, ikkje berre eksteriøret...